For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Kurs i høvelmaking i oktober

I samarbeid med Fagskolen i Telemark arrangerar Vest Telemark Museum kurs i høvelmaking. Instruktør ved kurset er Jarle Hugstmyr, Norsk Håndtverksinstitutt. Jarle Hugstmyr har i ein mannsalder jobba med tradisjonsverktøy og verktøyspor, med høvlar som ei særinteresse. Kurset er for personar eller håndtverkarar med interesse for tradisjonelt verktøy og tradisjonshåndtverk.

Høvlar av ulikt slag hadde gjennom fleire hundre år ein sjavsagt plass i verktøykassa til en bygningssnikkar. Fram til seiste halvdel av 1800-talet blei alt av dørar, vindauge, panel, golvbord, himling og listverk forma med handverktøy frå ru ukanta bord. Truleg gjikk meir enn halvparten av medgått tid på eit bygg med til dette, og størsteparten av denne tida hadde snikkeren ein høvel i hendene. I tillegg til høvlar beregna på plane flater, finns det dirfor også eit stort mangfald av ulike spesialhøvlar.

Få av dagens håndverkarar har erfaring med slikt arbeid, og tenker helst at ein gamaldags trehøvel er eit djevelens instrument som heller steller til ugagn enn å gjere noko slags nytte for seg. Dette kurset er tenkt å bøte på dette.

Gjennom å lage ein ny høvel frå grunnen av skal vi gjere oss kjent med kva som gjer ein høvel god å arbeide med. Ein trehøvel er tilsynelatande ganske enkel, men det er mange små detaljar som må stemme før vi kan utnytte potensialet som ligg i denne teknologien optimalt.

Høvelen vi skal lage er ein skrubbhøvel/sletthøvel. Avhengig av måten den er sett opp er dette ein høvel som vil kunne fungere til alt frå grov avretting til finare sletthøvling. Høveltann på 1 ¾ tommer og grovemne i bjørk fåes kjøpt på kurset. Vi har fått kjøpt inn ett parti høveltenner frå Terje Granås og selger dette videre til kostpris.

Kurset er ein kombinasjon av praktisk arbeid og forelesning/demonstrasjon. Du vil og få høve til å gjere deg kjend og prøve ut ulike spesialhøvlar frå bygningssnikkarens verktøykasse.

Vil du vite meir? Ta kontakt! Påmeldingsskjema finn du her.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg