For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Fem nye utstillingar i Eidsborg

Sundag 29. april opnar museet i Eidsborg for sesongen. I år som i fjor er det fleire nye utstillingar i utstillingsbygget ved stavkyrkja. Her er eit oversyn.

TEIGEN – HYLLAND – BRAUTI

I år er det 200 år sidan rosemålaren og treskjeraren Halvor Asbjørnsson Teigen (1818-1910) vart fødd. Han var ein nærast myteomspunnen handverkar. Særskild i si treskjering sette han ein standard som andre strekker seg etter endå i dag. Men også hans barn og barnebarn har hatt stor betyding for stilutviklinga innan treskjering. Sonen Asbjørn Hylland (1853-1931) si historie har til no nærast vore ukjend, men han hadde ei betydeleg rolle i utviklinga av handverket. Dottersonen Øyvind Brauti (1891-1980) representerer ein tredje epoke. Utstillinga viser eit breitt utval arbeid frå denne særmerkte handverkarfamilien, ei historie som ikkje har vore formidla før.

TOKKEUTBYGGINGA 1956-1969 (og vidare til 1987)

Sidan 2012 har Statkraft hatt sitt visingssenter i Eidsborg, plassert midt i museet som ein del av historia kring kraftutbygging, industrialisering og velstandsauke. Visingssenteret er no inne i ein betydeleg oppgradering over to år, med omsyn til både innhald og formidling. Nytt i år er m.a. eit animert tredimensjonalt landskap der ein kan følgje med i Tokkeutbygginga trinn for trinn. Det er fleire historiske bilete og videoar enn før, og heile utstillinga er bygd om fysisk. 

HOMME KRAFTVERK

Olaf Olavsson Rogndal (1853-1932) var ein gåverik mann frå Eidsborg som flytte til Lårdal i 1888, der han etablerte seg som sjølvlært lækjar, apotekar, oppfinnar og entreprenør. I åra frå 1890 blei han den første i Vest-Telemark som bygde seg eit vasskraftverk, berre 230 m frå garden Homme. Han hadde lite pengar, måtte kjøpe brukte delar og sleit med mange utfordringar, men gav seg ikkje. Bortsett frå ein flaumskade i 1912 var Homme kraftverk i drift til 1970! I utstillinga kan du sjå delar av dette pionerprosjektet, som ein forsmak til kraftutbygginga som kom over 50 år seinare.

LÅRDAL ULDSPINNERI

Det blei fleire kraftverk i Lårdal tidleg på 1900-talet – for det var her mykje av industrialiseringa i Vest-Telemark gjekk føre seg. Fleire enn 20 bedrifter blei etablert, og den største av dei var «Laurdal Uldspinderi» (i drift frå 1891 til 1975). Med opp til 50 arbeidsplassar på det meste har spinneriet prega Lårdal sterkt. Det vil bli ei større permanent utstilling om dette industrieventyret frå 2019, men alt no stiller museet ut to store vevstolar som kvar for seg fortel om tekstilindustrien sin framvekst: ein Jacquardvev (styrt med holkort) frå den tidlegaste perioden, og ein stor maskindrive flatvevstol frå 1940-talet.

FORFALL – STADENE ME FORLÉT

Industrieventyret i Lårdal blei gradvis borte mellom 1965 og 1990. Slik gjekk det mange plassar i Noreg. Historikar Øystein Morten og fotograf Pål Hermansen har reist landet rundt for å finne øydegardar og fråflutte stader. I bilete og tekst fortel dei korleis det går når bygningar ikkje lengre blir tatt vare på. Museet har laga ei spektakulær fotoutstilling som i tillegg har lyd, video og gjenstandar. Ei bok som også er laga er å få kjøpt på museet.

Elles visar utstillinga i Eidsborg som alltid mykje lokal handverkshistorie med spesiell vekt på tekstil, sylv og kniv, samt historia om brynestein frå Eidsborg, ei eksporthistorie som byrja for meir enn 1200 år sidan. Utanfor kan heile familien sluse båtar i Kanalparken!


Velkomen til ein ny sesong sundag 29. april – sundag 30. september! Kanalparken er open 15. juni – 15. august.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg