For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Sjå ørn, kniv og sylv i Eidsborg!

Ved Vest-Telemark museum sitt anlegg i Eidsborg er det i år tre nye utstillingar: ei oppgradert sylvutstilling, Noregs største knivutstilling og ei spektakulær fotoutstilling om kongeørna.

SYLVUTSTILLING MED GROVE-LADET

Sylv blei ofte bruka som symbol knytt til friing og sivilstand – som festargåve og i bryllup, men også på drakt for å signalisere om ei kvinne var gift eller ugift.

Men det å kle opp brura var viktigast. "Grove-ladet" er eit av svært få komplett bevarte brurelad og har vore i bruk heilt inntil det siste. Ein trur det kan vere så gamalt som frå 1600-talet.

Grove-ladet ved Vest-Telemark Museum

Grove-ladet har gått i rett linje og alltid til ei jente med namnet Margit. Den noverande eigaren er den åttande Margit i rekkja.

Kom og sjå Grove-ladet saman med forteljinga om bondesylvet frå Vest-Telemark!

NOREGS STØRSTE KNIVUTSTILLING

Sjå over 200 stasknivar frå samlinga til Olav J. Haukvik. Les meir her.

"PJUSKEN" - EI ØRNEHISTORIE

Jostein Hellevik ved Dalen Villmarksenter har fulgt ei kongeørn i fleire år. Utstillinga viser spektalulære fotografi frå ørna sin kvardag - frå fuglunge til vaksen.

Ørna Pjusken frå fotoutstilling ved Vest-Telemark Museum

18. juni lanserer Jostein ei barnebok med historia om ørna "Pjusken" som veks opp ved Bandak i Tokke. Det blir boklansering og eksklusiv omvising i utstillinga.

Med i utstillinga er også ein utstoppa bjørn.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg