For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Ny knivutstilling kjem i Eidsborg

Vest-Telemark Museum i Eidsborg har gjennom fleire år markert seg som eit aktivt museum på knivfronten, og kvart år har det blitt presentert nye temautstillingar frå regionen si rike knivhistorie.

Museet har også gjeve ut ei rekkje bøker om temaet, og ein har presentert utstillingar om Gunnar Omdal, Bjørn Kleppo, Anton Kringlegarden, Torgeir Omsberg, Magne Groven og Arne Martin Solbjør. I 2015 hadde museet også eiga utstilling om gullknivar.

Det aktive arbeidet med dokumentasjon og formidling av dei rike kniv- og smedtradisjonane har gjeve resultat: stadig legg knivklubbar turen sin til Eidsborg for å få input og inspirasjon.

No er plan for sommarutstillinga klar, og det ligg an til å bli tidenes stasknivutstilling!

Olav J. Haukvik har gjennom ein mannsalder bygd opp det som må vere den største samlinga av staskniv frå Telemark. Nærare 300 knivar er no i samlinga hans, og samlinga representerer ein omfattande dokumentasjon av fylkets knivmakarar og deira arbeid.

Sundag 30. april klokka 13.00 opnar museet ny knivutstilling der me presenterer Haukvik si samling, saman med det mest sentrale frå museets eiga samling. Aldri har du fått sjå så mange stasknivar på eit brett, og aldri slik kunne følgje stasknivutviklinga frå dei store meistrane på midten av 1800-talet og fram til i dag.

På opningsarrangementet vil det bli føredrag og musikkinnslag, og museumsrestauranten vil sjølvsagt bidra med velsmakande rettar.

Utstillinga vil vere open kvar dag frå 1. mai til 15. september, og grupper kan i hovudsesongen og elles ut året bestille omvising i utstillinga og elles rundt på alt anlegget kan tilby.

Sjå deg elles ikring på heimesida for meir informasjon! 

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg