For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Me søker museumsvertar for 2017

Ved fyljande anlegg treng med omvisarar og skrankepersonell:

  • Norsk Skieventyr i Morgedal
  • Vest-Telemark Museum Eidsborg
  • Øyfjell Bygdemuseum
  • Kviteseid Bygdetun
  • Åmdals Verk Gruver
  • Grimdalstunet (Skafså, Tokke)
  • Vinje Biletgalleri (Smørklepp, Vinje)
  • Vinjestoga (Vinjesletta)
  • Dyre Vaa Samlingane (Rauland)
  • Knut Skinnarland Samlingane (Rauland)
  • Fyresdal Bygdemuseum (berre vaktmeistarteneste)

For informasjon om dei einskilde einingane, klikk deg inn på dei under "Våre museum".

Ved Norsk Skieventyr i Morgedal treng me og kjøkkenassistentar.

Nokon av dei me tilset ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg kan i tillegg få rolle som omvisar ved kraftstasjonen på Dalen.

På nokre av einingane er det naudsynt at du har sertifikat og disponerar bil.

Er du open, sosial og kan språk (minstekrav engelsk) då er dette jobben for deg! Interesse for kultur og historie er ein fordel.

Felles opplæring vert gjeve.

Ved spørsmål kan du ringe Vest-Telemark Museum i Eidsborg (tlf. 35 06 90 90) for alle einingar bortsett frå Norsk Skieventyr (tlf. 35 06 90 80).

Søknad sendast på epost til post@vtm.no innan 10. mars 2017.

NB! Hugs å skrive i søknaden din om lag når du kan starte og kor lenge du kan arbeide. Skriv evt. kvar du ynskjer å arbeide, om du har sertifikat og disponerar bil og elles litt om deg sjølv og dine interesser. Viktig at du oppgjev e-posten din og mobilnummer!

Velkomen som søkjar!

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg