For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Kanalhistorie

Telemarksvassdraget har ei meir enn 1000 år lang historie som transportåre. Brynestein, tømmer og andre varer vart frakta nedover vassdraget frå Dalen til Skien. Det var store utfordringar knytt til dette, m.a. ved straumar og store fossar.

I 1892 blei Bandak-kanalen opna - som siste del av Telemarkskanalen - og Dalen vart for ein periode knutepunkt for ferdsla mellom Aust- og Vestlandet. Dalen hotell frå 1894 er eit synleg bevis på dette. ”Gullalderen” vara til utpå 1920-talet.

Etter kvart blei kraftproduksjon og flaumsikring ein viktig del av kanalens funksjon.

Vest-Telemark Museum formidlar denne historia på ulik vis.

Ved museet i Eidsborg opnar 1. juli 2015 ein aktivitetspark med ein 105 m lang vassførande modell av Telemarkskanalen. Her kan ein leike seg inn i historia ved å sluse små båtar, tømmerklubbar og flåtar med brynestein.

Museet i Eidsborg har også ei eiga utstilling knytt til Noregs eldste eksportprodukt brynesteinen, og transporten av denne som har gjeve namn til mange stader langs kanalen.

I Eidsborg finn du også visingssenteret til Statkraft, der utbygginga av Tokkeanlegget er presentert. Tokke kraftverk i Dalen var i si tid Noregs største.

I det gamle pakkhuset på Lastein bryggje i Dalen er det sett opp ei utstilling som viser historia til båttrafikken på kanalen, med mange originale gjenstandar og fotografi.

Like bortanfor bryggja ligg ein freda utslagsplass for tømmer, med ei utandørs plakatutstilling om historia til fløytinga på kanalen.

Museet i Eidsborg er open heile året, aktivitetsparken om sommaren. Bryggjeutstillinga er open så lenge båtane går.

Ved bryggja startar òg omvisinga i Tokke kraftverk.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg