For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Gunnar Utsond

GUNNAR KARENIUS UTSOND
bilethoggar, fødd 31. august 1864 på Nordgarden i Kviteseid, son av byggmeister Olaus Svenkesen frå Skien og Hæge Nordbø frå Vrådal. Familien flytta etter kvart til Utsond. Gunnar var ein flink treskjerar og handverkar heile livet. Han utdanna seg til tannlækjar, men gjekk samstundes på teikneskule i Kristiania. Frå 1889 er han elev hjå bilethoggar Stephan Sinding i København. Han reiser mykje i utlandet, frå 1897 studerer han i Paris med Houens legat. I 1900 vinn han gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris for sin mest kjende skulptur Helferd som i dag står på Ekeberg i Oslo. I 1909 blir han første professor i skulptur ved Statens Kunstakademi, men trekkjer seg frå stillinga i 1921. Han flyttar attende til Kviteseid, til Neset der han har bygd seg eit atelier. Utsond dør 27. januar 1950, 86 år gamal. Han etterlet seg om lag 70 skulpturar og utkast, 64 av desse er på Vest-Telemark Museum, i Utsondhalli på Kviteseid Bygdetun. Utanom Helferd fins ei rekkje statuar og portrett av kjende nordmenn i det offentlege rom, blant dei J.S. Welhaven (Oslo), Viggo Ullmann (Seljord), Sam Eyde (Rjukan), A.O. Vinje (Skien) og Gunnar Knutsen (Borgestad). Dei tinga arbeid er meistarleg utført, i meir tradisjonell utforming. 

HISTORIA OM EIN UNDERKJENT KUNSTNAR

16. desember 1899, medan Gunnar Utsond oppheld seg i Paris og førebur to store skulpturar til den største kulturhendinga i Europa – verdsutstillinga ved hundreårsskiftet, er det urframføring ved Theatre Royal på Haymarket i London. Det er den nyaste teksten til Henrik Ibsen som blir lesen opp heilt utan rekvisittar: eit kort drama med tittelen When We Dead Awaken.

Hovudpersonen i dramaet er ein norsk bilethoggar og kunstprofessor ved namn Arnold Rubek som bur utanlands. Han er verdskjend for sitt hovudverk «Oppstandelsens dag», men han har mist inspirasjonen og livnærer seg no ved å lage portrettbyster av kjende personar, «aktverdige, hederlige hestefjes og envise eselsnuter». Som ein desillusjonert mann kjem han attende til heimlandet – og dør i eit snøskred i slutten av tredje akt.

Når Vi Døde Vaagner har som undertittel En dramatisk epilog og er nok med rette blitt tolka nett slik – som ei etterskrift til den då 71-årige Ibsen sitt eige liv som kunstnar sidan Peer Gynt. Men valet av ein bilethoggar som hovudperson i 1899 er interessant. Ut frå tittelen på hovudverket sitt er professor Rubek ein av samtidas skulptørar i tradisjonen etter franskmannen Auguste Rodin. Dei studerte alle i Paris og laga store dramatiske figur-grupper med namn som «Helvetesporten» eller «Livshjulet». Kunstsynet deira dekker seg med Ibsen sitt: bak den meisterleg realistiske framstillinga skjuler det seg «noe fordektig, noe fordulgt, innenfor og bakenfor (...) – noe lønnlig, som ikke menneskene kan se». Vegen til dei mytiske og bibelske motiva er kort; dramaet til Ibsen skulle opphavleg heite «Oppstandelsens dag».

Det var mange slike bilethoggarar i Europa rundt hundreårsskiftet. I Noreg var det minst to, som sto i eit intenst konkurranseforhold til kvarandre: Gunnar Utsond frå Kviteseid og Gustav Vigeland frå Mandal. Ingebrigt Vik var ein tredje i same generasjon, mindre symbolistisk enn dei to andre, men minst like ærgjerrig. Dei tre tevla ikkje berre om lukrative oppdrag, men om posisjonen som Den Norske Bilethoggaren – i ei tid der unge nasjonar bruka stein-figurer på høge soklar til å hevde sin eksistensrett. Kunstnarar på denne tida representerte ofte den nasjonale ære og identitet meir enn si eiga kunst, ikkje berre i Noreg.

Men det unge nesten-Noreg var ikkje utan vidare interessert i moderne symbolistisk skulptur. Trass i Ibsen sin status i verda hadde ikkje symbolismen noko fotfeste i Noreg tidleg på 1900-talet. Både Vigeland og Utsond måtte kjempe for sitt kunstsyn som for mange virka uforståeleg og utanlandsk. Vigeland vann omsider fram og rakk å bli eit nasjonalt symbol, mens Utsond gjennom heile livet kjende seg utanfor, neglisjert og til slutt gløymt. Det hadde nok ein heil del med personlegdomane deira å gjere, som også spegla seg i det dei skapte. Vigeland var utvilsamt betre til å tilpasse seg til forventingane med meir ljose, empatiske og kvardagslige motiv. Folk kunne sjå ein positiv lagnad i dei nakne menneska og barna som blei løfta i vêret.

Utsond derimot ville ikkje fire ein tomme. Han heldt fast ved det mytiske, mørke og eventyraktige i sine utkast – og blei djupt skuffa når avisa skreiv hånlege kommentarar. Utkastet til Eidsvollsmonumentet som Utsond laga 1915-20 og som han lanserte fleire gonger i tevlingar utover 1920-talet, er eit døme på det. På toppen av ei søyle av menneske stabla opp på kvarandre, rett nok omgjevne av Eidsvollsmenn, sit Fossegrimen i stort format og spelar på fele med usynleg boge. Kunne ein tenkje seg ein slik skulptur som eit nasjonalt symbol, plassert midt framfor Stortinget? Det blei for mørkt, for atavistisk. At Vigeland litt seinare (1928) lanserte si eiga menneskesøyle (jamvel utan Fossegrimen) og til slutt fekk lov til å sette den opp, illustrerer poenget.

Men også andre forhold ramma Utsond tungt. Kunstlivet i Noreg var eit korporativt system heilt fram til 1970-talet, altså styrt av kunstnarane sine eigne organisasjonar, men ovanfrå og utan demokratisk kontroll. Einskilde personar på toppen av dette systemet hadde ekstremt stor påverknadskraft, og dei som kom i opposisjon hadde dårlege kår. Gunnar Utsond var rett nok ein del av det formelle systemet – han var trass alt kunstprofessor i 12 år – men oppnådde aldri ein posisjon i det uformelle hierarkiet. Ein del av årsaka kan – igjen – vere hans steile personlegdom, men det var nok like mykje eimen av «fusk og fanteri» som blei påførd han alt tidleg i karrieren. Ein av dei sentrale personane bak desse påstandane var tidas tonegjevande kunstkritikar og frå 1908 direktør ved Nasjonalgalleriet: Jens Thiis.

Utsonds debut som bilethoggar var ein gipsskulptur med tittelen «Spikkende gutt» på Statens Kunstutstilling våren 1894. Den var meisterleg utført i perfekt naturalisme, som ein i dag kan sjå i Utsondhalli i Kviteseid. Pressa var begeistra, heilt til verket av ein avismelder blei kalla for «fusk og humbug». Utsond hadde fortalt at han hadde laga skulpturen ved å bruke avstøypingar av utvalde kroppsdelar som modell. Då kom Jens Thiis på banen og tok initiativ til ein «resolusjon» som blei trykt i Verdens Gang og utløyste ein skandale som kom til å henge ved Utsond resten av livet. Thiis skriv nesten femti år seinare, i eit brev der han gjentek kritikken sin:

«Siden jeg i 90-årene begynte å virke som kunstanmelder i dagspressen (...) har jeg fulgt professor Utsonds kunstneriske virksomhet – jeg tør si med aktpågivenhet. Det ble herunder, som det kanskje framleis tør erindres, min lite gledelige oppgave (...) å avsløre hans debutarbeide som kunstnerisk fusk, som et forsøk av den avstøpningskyndige tidligere tannlege å skyte en beinvei til målet. Verket «En sittende naken gutt i legemsstørrelse» var utstilt i Kunstforeningen og ble av kritikken hevet i skyene som eksempel på ein helt makeløs naturalisme. Det undgikk imidlertid ikke min oppmerksomhet at det (...) var en direkte avstøpning av naturen og bevisene for at det her forelå et bevisst forsøk på fusk la jeg fram (...), hvilket førte til at billedhuggerne med Gustav Vigeland og Jo Visdal i spissen avfattet en resolusjon som fordømte framgangsmåten.»

Thiis manipulerer her fakta ved å påstå at verket hadde tittelen «... i legemsstørrelse» og antyder med dette beint fram at Utsond har tatt kopi av ein levande gut, i staden for å attskape han som kunstverk. I røynda er skulpturen ein god del mindre. Framgangsmåten med avstøyping av kroppsdelar var dessutan ein vanleg teknikk blant naturalistar, noko Thiis må ha visst. Det fell naturleg å tolke det grove karakterdrapet («avstøpningskyndig tidligere tannlege») som eit forsøk på å stagge ein gåverik konkurrent til Vigeland og Visdal. (Eit interessant apropos er at den unge Auguste Rodin var utsett for nøyaktig same kritikk 14 år tidlegare då han stilte ut «Bronsealderen» - ein mannsfigur som faktisk var i lekamstorleik.) «Spikkende gutt» blei som resultat av Thiis' resolusjon fjerna frå utstillinga, men sett på plass att etter at andre kulturpersonar, bl.a. Gunnar Heiberg og Christian Krohg, hadde teke Utsond i forsvar.

Med ein slikt debut var neste diskusjon om «fusk og humbug» programmert på førehand. Det hjelpte lite at Utsond kom attende frå verdsutstillinga i 1900 med ei gullmedalje for det storslegne «Helferd». Det hjelpte heller ikkje at det andre verket som hadde fått merksemd i Paris vart rosande omtalt av juryen samt av sjølvaste Rodin: den store dramatiske gruppa «Havet gjengir sine døde», ein dommedagsvisjon basert på Johannes' openberring 20,13. I den norske debatten blei det påstått at verket var eit plagiat, ein etterlikning av eit måleri med same tittel av engelskmannen Fredric Leighton. Utsond var utvilsamt inspirert av måleriet, men det hadde vore større grunn til å samanlikne skulpturgruppa med delar av Rodin sitt Dante-inspirerte storverk «Helvetesporten». «Havet» gjekk attpåtil sund under transporten til Noreg, og Utsond ville aldri meir snakke om verket som han skal ha halde som sitt viktigaste.

Den prisløna «Helhesten» (bilete frå verdsutstillinga 1900) kom nokolunde heil til Noreg, men blei ikkje akkurat teke i mot med entusiasme. Verket blei rett nok rost av blant anna Christian Krohg som kalla det eit meisterverk:

«Nei se! Se hvor den farer og hvor den faller! Den kommer tung og svevende like rett i mot en! Virkelig svevende, den store svære hest av gips. Se hvor den svinger med sikkerhet rundt klippens hjørne, som den der kjenner veien. Og den kjenner veien, dødens hest. Den har fart der ofte til det store intet. Rett imot en! Man har uvilkårlig følelse av at man må tre til side. Ypperlig!»

Jens Thiis derimot hadde eit anna syn, som han skriv i ettertid:

««Helhesten» (…) har i mine øyne gode sider, men er best tjent med oppstilling i friluft grunnet sine store dimensjoner. Imidlertid bygger dette verket så direkte på et forebillede som Stephan Sindings «Valkyrie» at det ikkje kan sies å være særlig originalt.»

Også her må fakta stå attende for polemikken: Stephan Sinding sin «Valkyrie», som utan tvil liknar på «Helferd», har ulike dateringer (1902-1910), men alle er etter Utsonds verk.

Skulpturen blei ikkje reist, ikkje ein gong stilt ut som gipsmodell, men lagra i eit skur bak Nasjonalgalleriet. På Utsonds og andres oppfordring blei han vist på ny i 1909 og igjen i 1914. I 1909 blei verket føreslege sett opp på Victoria Terrasse, men mange meinte hesten ville skremme trafikantane. I 1914 pryda hesten hovudbygningen til Jubileumsutstillinga på Frogner, utan at det blei fortgang i prosessen om ei varig plassering. Først i 1921 blei verket etter ei pengeinnsamling plassert på sokkel, utanfor byen ved sjømannsskulen på Ekeberg der han framleis står i dag. «Helhesten» som verket no blir omtala som, er Utsonds einaste mytologiske skulptur som er støypt i bronse og stilt opp, og blir rekna blant dei fremste verk innan europeisk symbolisme.

I 1900, i ein alder av 36 år og i starten av sitt profesjonelle kunstnarliv i Noreg var Utsond altså internasjonalt verdsett, men likevel utanfor kunstlivet i Noreg. Rett nok kunne ingen lenger nekte at Utsond var ein skulpturteknisk meister, og det var derfor vanskeleg å nekte han professoratet i skulptur da Statens Kunstakademi blei oppretta i 1909. I stillinga lærte han mange studentar god modellerings- og støypeteknikk, men kunstnarisk påverknad blei det mindre rom for.

Hans eige kunstnariske virke i denne perioden er statuer og portrett-byster, som nok var den einaste «genren» han hadde ein sjanse til å vinne fram i. At han i 1921 sa opp stillinga i protest mot at Gustav Vigeland fekk eit eige atelier av Oslo kommune for å skape sin skulpturpark, fortel om frustrasjonen og bitterheita han må ha følt. Fram til sin død budde han med familien på Neset i Kviteseid, skremde naboane med sarkasmar og laga groteske figurar med namn som «Centaurer» eller «Tingenes ende».

Gunnar Utsond er ikkje den einaste kunstnaren som har lidd ein slik lagnad, og den tragiske historia kunne endt her, i bitterheit og isolasjon. Men det skulle bli verre.

Bilethoggarkunst har alltid vore ei merkeleg blanding av personleg kunst og offentleg patos. Frå lagnadstanken i den symbolistiske naturalismen har det historisk vore eit kort steg til propagandaens patos, slik den kjenneteikna 1900-talets ideologiske og totalitære regime. Mange kunstnarar lét seg freiste. Utsond sin etterfølgjar ved Kunstakademiet til dømes, bilethoggaren Wilhelm Rasmussen, blei medlem av NS i 1933 og ein av nasjonalsosialismens viktigaste propagandistar.

For å vere heilt tydeleg: Det fins overhovudet ingen teikn som helst på at Gunnar Utsond nokon sinne tok dette steget i sin kunst. Likevel blei han skulda for landssvik i 1945, rett nok ikkje tiltala, men med diskreditering og forteiing i mange tiår som resultat. Korleis kunne det gå til?

I dokument i Riksarkivet, som mykje i denne artikkelen kviler på, fins eit medlemskort i NS med Gunnar Utsond sitt namn på. Det er merka med ein innmeldingsdato i november 1940. Skjemaet som skulle fyllast ut i samband med slike innmeldingar, er derimot datert mai 1941. Underskrifta liknar, men sjølve skjemaet er fylt ut med ei anna skrift. Medlemskontingent blei betala punktleg for perioden 1940-43, men ikkje seinare. I fleire vitneprov har Utsonds ektefelle Gunhild fortalt at han etter 1937 var mentalt sterkt redusert og ikkje kunne halde orden på si eigen økonomi. Sjølv nekta han for å ha hatt noko med NS å gjere, og naboar fortel om fleire episodar med sterke verbale utfall mot Quisling og nazistane.

Korleis kan dette forklarast? Er vitneprova berre bortforklaringar, eller vart han meldt inn i NS av nokon annan? Skuldinga om landssvik blei droppa, utan at spørsmålet blei avklart. Men dokumenta gir ein viss peikepinn om kva som kan ha skjedd, eller i alle fall kvifor.

I Utsondhalli heng eit stort måleri frå 1939 som viser Gunnar Utsond i arbeid i atelieret på Neset. Måleriet er laga av ein amatør, ein fotograf med bustad i Sandefjord som må ha vore ein venn, eller i det minste ein beundrar. Fotografen var ikkje berre amatørkunstnar, men også aktiv i ei leiande lokal stilling for NS under krigen. Han skriv i april 1941 eit brev til det nazifiserte Kulturdepartementet der det blant anna heiter:

«Som gammel venn  og kjenner av Gunnar Utsonds kunst skrev jeg en hyldest til ham ved hans 75-årsdag, hvori jeg påtalte den skam vi måtte føle ved med fortsatt å holde nettopp ham, vor første norske professor ved Kunstakademiet – utenfor. Jeg sendte den til «Tidens Tegn», men den ble lagt til side. Jeg ventet det. (…) Ved sin 70-årsdag blev prof. av danskane hedret med en utstilling i Kjøbenhavn – i hans eget hjemland, Norge, blev intet gjort! (…) Skaperen av vort lands mest monumentale verk: Helhesten på Ekeberg, går nu i sitt 77. år. Ennu er han ikke representert i vort nasjonale galleri! Han bør ikkje gå i grav uten hans eget folk har ydet ham denne heder.»

Brevet utløyste ein omfattande korrespondanse i Kulturdepartementet. NS-regjeringa var ramma av kunstnarboikott og hadde stort behov for støtte i kulturlivet. Det blei bestemt at Gunnar Utsond skulle få Statens Kulturpris, og attpåtil kunstnarløn («æresgasje»), til tross for at Jens Thiis skreiv ei negativ innstilling (som dei tidlegare nemnde sitata er henta frå). Utsond låg på sjukehus med lårhalsbrot gjennom store deler av 1942, og tildelinga vart difor fastsett til året etter. Han var heller ikkje i stand til å delta i nokon seremoni – eller ville han ikkje? Ein ekspedisjonssjef i Kulturdepartementet seier følgjande om korleis Gunnar Utsond tok i mot tildelinga:

«Jeg ble sendt av Kulturdepartementet til Gunnar Utsond for å levere ham en sjekk stor kr 10.000 for hans innsats som billedhugger. Tidligere hadde jeg snakket med ham pr. telefon og da protesterte han mot å få kulturprisen. Jeg forela hans vegring for departementets øverste sjef som såvidt jeg vet drøftet det med Kulturrådet. Dette fastholdt imidlertid at Utsond skulle ha prisen, og departementets sjef bad meg presisere at prisen ikke hadde noe med politikk å gjøre. Dette ble gjort og jeg reiste til Kviteseid. Utsond mottok såvidt jeg kunne forstå prisen under den forutsetning at den ikke hadde noe med politikk å gjøre.»

Tildelinga var så viktig for departementet at den «øverste sjefen», kulturminister Gulbrand Lunde, i eigen person vitja Utsond på Neset i 1941 eller 1942, som naboar fortel om. Me veit ikkje kva som skjedde under dette besøket, men det kan tenkjast at Lunde gjentok forsikringa om at dette ikkje var politikk – og at Utsond, naiv og svekka som han var, gjekk med på det. Ein av forsvararane til Utsond under etterforskinga etter krigen var forfattaren Gabriel Scott. Han skriv følgjande:

«Han [Utsond] reiste ned til meg med bil og jernbane for snart to år siden for å spørre meg om dette med kulturprisen. Jeg forklarte ham, at han hadde gjort en dumhet, og han ble til slutt så fortvilet at han satt på å gråte som et barn. (...) Det er min faste overbevisning at han også virkelig var i god tro og ikke forsto større av det hele. Hertil kommer at han helt siden ungdommens dage har vært mistenkeliggjort og forfulgt som kunstner først og fremst av Jens Thiis. Dette har gjort han til en bitter og ensom mann, som kjenner seg miskjent og skammelig behandlet.»

Utsond fekk altså NS-statens kulturpris i 1943 saman med sin gamle kollega frå Kunstakademiet, målaren Halvdan Strøm, utan å vere til stades. Han fekk også første utbetaling av ei æresgasje. Me veit for lite og det er ikkje uproblematisk å spekulere slik, men kan det tenkjast at Utsond, for å auke sjansen for å få prisen, blei meldt inn i NS i mai 1941 – mens medlemskortet blei datert attende til 1940 for å skjule dette? Det faktum at innbetalinga av kontingent tok slutt etter 1943, kan tyde på det. Kan hans venn, fotografen og NS-leiaren, ha overtalt ham til å signere innmeldinga, fordi han visste kva brevet hans hadde sett i gang i Kulturdepartementet, og at det no var ein reell sjanse til «oppreising» for den neglisjerte bilethoggaren?

Utsond er ikkje den einaste kunstnaren som sto i konflikt med kunstregimet før krigen, blei fridd til av NS i det «nye» Noreg og lét seg overtale. Likevel er det ikkje grunnlag nokon stad i materialet frå Riksarkivet for å kunne hevde at Utsond var med på NS sin kulturpolitikk, som t.d. Søren Onsager var. Utsond søkte aldri om noko, tok aldri kontakt, engasjerte seg aldri. Det er derfor dobbelt tragisk at han gjennom ein aksjon frå velmeinande vener til slutt blei utsett for mistanke. Sjølv om skuldinga for landssvik blei trekt attende i august 1946, festa det seg eit inntrykk i det offentlege av NS-medlemskap og landssvik. Utsond blei erklært uønskt i Bildende Kunstneres Styre (BKS) der han hadde vore med frå 1910 til 1921. Verre var den lange togna kring hans person og kunst som gjer at hans verk må seiast å vere underkjent i dag. Her delar Utsond lagnad med Ibsens Arnold Rubek: han er gravlagt under eit skred av hendingar han berre i liten grad hadde herredøme over.

I boka «Telemark i norsk billedhuggerkunst» skriv Einar Østvedt:

«Det ligger dype skygger over store deler av Utsonds livsverk. I ensomheten på Neset gjennom de siste, mange år kunne skuffelsene stundom overmanne ham. Bitterheten over at han ikke nådde så langt i sin kunst som han så brennende hadde ønsket – over all den uforskyldte og selvforskyldte motstand som møtte ham. Men det beste i hans kunst vil alltid stå igjen som markante milepæler i den norske skulpturs historie.»

Artikkelen er forfattet av formidlingsansvarleg ved Vest-Telemark Museum, Tilman Hartenstein, til årsskriftet til Kviteseid Historielag, Gamalt frå Kviteseid 2014.

Kjelder:

  • Dag Solhjell og Hans Fredik Dahl: Men viktigst er æren, Oslo 2013
  • Einar Østvedt: Telemark i norsk billedhuggerkunst, Oslo 1967
  • Brev av Jens Thiis til Kultur- og Folkeopplysningsdepartementet, Oslo 8. mai 1941
  • Christian Krohg: Avismelding frå 1909, i: Kampen for tilværelsen, Oslo 1954
  • Brev av Jens Thiis til Kultur- og Folkeopplysningsdepartementet, Oslo 8. mai 1941
  • Vitneprov overfor Oslo Politikammer, datert 16. oktober 1946. Riksakrivet og Vest-Telemark Museum
  • Brev frå Gabriel Scott til statsadvokaten, datert 13.9.1946. Riksarkivet og Vest-Telemark Museum
  • Breva og andre dokument som er nemnt i artikkelen, finnes i Riksarkivet i Utsonds landssvikssak, og ved Vest-Telemark Museum

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg