For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Dei "fire store"

Ingen annan region i Noreg fostra så mange sentrale bilethoggarar på 1900-talet som Vest-Telemark.

Du kan oppleve verka til dei mest kjende i fire faste utstillingar.

Gunnar Karenius Utsond (1864–1950) er ein av dei mest kjende norske symbolistane og skaparen av "Helhesten" på Ekeberg i Oslo. Utsond si dramatiske og til dels tragiske historie er fortald i Utsondhalli ved Kviteseid Bygdetun.

Anne Grimdalen (1899–1961) blei kalla ”eventyrjenta i norsk kunst” og er mest kjend for sine barne- og dyreskulpturar. Anne vaks opp på fjellgarden Grimdalen i Tokke. Den er teke vare på slik den var, og her finn du også eit utstillingsbygg og utstillingspark med mange av skulpturane hennar.

Dyre Vaa (1903–1980) er den av dei fire bilethoggarane som har prega norsk skulptur mest. Dei mest kjende verka hans er kanskje eventyrfigurane på Ankerbrua i Oslo. I 1981 blei Dyre Vaa-samlingane opna som i dag er ein del av Rauland Kunstmuseum.

Knut Skinnarland (1909–1993) bidrog bl.a. med fire store figurar til restaureringen av vestfronten til Nidarosdomen, og laga mange statuer rundt om. I 1994 blei Skinnarland-samlinga opna, i gangavstand frå Dyre Vaa-samlingane ved Rauland Kunstmuseum.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg