|
Velkomen til Morgedal og Norsk skieventyr!
Welcome to The Norwegian Ski Adventure!
|
Jazz-elskarar blir lokka til New Orleans. Elvis-fans valfartar til Memphis. Skientusiastar reiser til fjellbygda Morgedal. Felles for dei alle er jakta etter det opprinnelege. Den norske folkesjela er nært knytta til ski og snø. I 4000 år har nordmenn teke seg fram i snøen med ei eller anna form for ski under føtene. At den moderne skisporten fekk si utforming av morgedølen Sondre Norheim på 1800-talet, veit dei fleste. Men kven var han eigentleg, denne ski-originalen Sondre? Korleis var husmannsplassen han kom ifrå? Terrenget der han boltra seg på ski? Og korleis kunne ein slik fattig heimføding utvikle ei ski som skulle bli modell for alle seinare skitypar over heile verda?
Kva for ein kar var morgedølen Olav Bjaaland, ein av dei store heltane frå "Framekspedisjonen"? I sitt daglege virke var han bonde, skimakar og skihoppar. Med dette som "grunntrening", erobrer han sydpolen med Roald Amundsen i 1910-11? Ei reise til Morgedal gir deg svara. Her trer du rett inn i ski og polarhistoria, og kan knyte trådene frå pionèrtida fram til våre dagar.
|
Laurdag 25.april er det klart for tyske mattradisjonar på Innsvingen Kafé på Norsk Skieventyr i Morgedal.
Les meir
|
Norsk Skieventyr har ope alle dagar i påska.
Les meir
|
|
Flott utstilling av handverk
|
|
Mykje folk og mykje flott handverk.
|
Telemark Husflidlag hadde årsmøte denne helga og nytta høve til å sjå på Kviteseid Husflidslag flotte utstilling av arbeid frå kurs og aktivitetskveldar. Innsvingen Kafe servera kjøtsuppe og brød frå steinomnen og Terje Haugen demonstrera skimaking.
|
|
|
Kjetil Lio får start på motoren
|
Kjetil Lio har no overhala Tryggmotoren og etter nokre få sveiv starta den snart 100 år gamle motoren. Motoren er plassera i skimakarverkstaden som Norsk Skieventyr brukar til å demonstrere skimaking.
Les meir
|
Laurdag 14. mars stiller Kviteseid Husflidlag ut handarbeid ifrå kurs og aktivitetskveldar. Telemark Husflidlag har årsmøte i Kviteseid og nyttar høve til eit besøk på Norsk Skieventyr.
Les meir
|
Verdas beste telemarkskøyrarar fekk mat og omvisning på Norsk Skieventyr etter ein lang dag i Sondre Norheim sine skispor sundag 8. mars.
Les meir
|
|
Fyrste skule på Kleivjordet i år var Seljord
|
|
Luftige svev
|
I eit strålande vintervær var det 150 elevar i frå Seljord skule som storkosa seg i skileikanlegget. Hopp, orgeltramp, hompelåmir og spørjekonkurranse var nokre av aktivitetane elevane fekk prøve. Ein flott innsats av studentane frå Høgskulen i Bø som hadde ansvar for ulike aktivitetar.
7. klasse nytta høve til ein omvisning på Norsk Skieventyr før dei kom til Kleivjordet.
|
Har du lyst til å jobbe med mat og folk og ikkje minst i eit triveleg arbeidsmiljø?
Vi har behov for ekstra hjelp på Innsvingen Kafe og til tider i suvenirbutikken. På kjøkkenet vil arbeidet vera å lage til mat, servering samt rydding og vask. I suveniren er det å ta imot besøkande til museet og hjelpe kundar som vil handle.
Les meir
|
|
Ski i skulen på Kleivjordet
|
|
Takhopp har lang tradisjon i Morgedal
|
Tysdag 24. februar kjem fyrste skule på besøk til Morgedal IL sitt skileikanlegg på Kleiv. Ski i skulen er eit samarbeid mellom Morgedal IL og Norsk Skieventyr og samlar i år nær 700 elevar og lærarar fordela på 6 dagar dei 3 neste vekene. Skileik, utfordringar og skihistorie er tema for dagane. Til å hjelpe oss har me med studentar ifrå Høgskulen i Bø, dei er alle elevar på idrett og friluftsliv.
Skileikanlegget er no preppa og klart, helga 6.-8. mars skal og Morgedalsleikane arrangerast i området.
|
|
|
Flott opptrekkar
|
Dette vert ei helg med mykje fart og action. Like viktig som fokuset på telemarksporten som idrett og rekreasjon, vil ein fokusere på telemarksporten som ein viktig del av Morgedal og Telemark sin kultur og identitet.
Les meir
|
Norsk Skieventyr, Morgedal Utvikling og Ski Telemark Foundation deltok på årets ISPO messe i Munchen. Dette er Europas største messe innan tema ski og skiutstyr. Bakgrunnen til deltakinga ifrå Morgedal er forprosjektet, Morgedal – Telemarkski og internasjonalt nettverk, som er eit samarbeid med Telemark Fylke. Forprosjektet har bl.a. som mål å finne samarbeidspartnarar internasjonalt med tanke på å bygge opp eit nettverk innan telemarksporten med base i Morgedal og Telemark.
Les meir
|